- At kommunestyret gjorde vedtak om å nytte statlege tilskotsmidlar inneber at vi kan gjere ein ekstra innsats på kystmuseet. Viktigast er det at kledning med roteskader vert skifta ut og at heile huset blir skrapa og måla for å tole ver og vind i mange år framover, fortel ho.
Med utgangspunkt i synfaring og rapport frå «Dør og vindusvern» vil eigarstyret og kommunen no gå ut å be om pristilbod frå aktuelle handverksbedrifter på dette arbeidet.
Nyst ferdig med sjøbua
Rehabilitering og vedlikehald av vindauge og lister på aust- og nordveggen av sjøbuda på Herøy kystmuseum vart utført av den lokale handverksbedrifta «Bak dei blå dørene» og var ferdig i desember 2020. Arbeidet var ei sluttføring av eit prosjekt som Musea på Sunnmøre starta i 2018, der ein skifta kledning, samt mala nordveggen, bygde nytt vindauge i tredje høgda, utførte vedlikehald av øvrige vindauge på nordveggen og i fyrste høgda på austveggen. Vindauga på nordveggen vart også lista og måla.
Styreleiar for eigarstyret ved kystmuseet, Tor Sindre Steinsvik, gler seg over at arbeidet er ferdig. Neste oppgåve på sjøbua er måling av sørveggen.
Sjøbua ved Herøy kystmuseum.
Bak dei blå dørene
Krav om spesiell kunnskap
Kulturleiar, Eileen Gjerde seier at å ta vare på antikvariske bygg krev at utførande har erfaring med slikt arbeid, og at val av metodar og produkt er i tråd med dei råd som Riksantikvaren gjev. Hovudhuset har både gamal og ny kledning og det er nytta ulike typar måling tidlegare.
- Det er målet vårt at arbeidet skal resultere i god og rett kvalitet på arbeidet, seier Eileen Gjerde.
- I løpet av året vil vi også utbetre dei vindauga som er i dårlegast stand, vedlikehalde dører, samt gjere ferdig måling av lister og veggar innvendig i bislaget, avsluttar ho.