Herøy med ny kommunepsykolog

Henrik Eriksen er ny kommunepsykolog i kommunen. Wenche Moltu  

Henrik Eriksen starta som kommunepsykolog i Herøy kommune 1. januar. Han utdanna seg som kandidat i psykologi i Danmark og var ferdig i 2005.

Eriksen er oppvaksen ved Roskilde i Danmark. Der er det mange båtar, mykje seilas og symjing. Erfaring som psykolog har Eriksen frå kommunar. Det mesta av tida har han jobba tverrfagleg inn i mot born og unge, føresette og ulike profesjonar. Fokuset har vore å jobbe med menneskelege relasjonar i ulike situasjonar.

Han skildrar seg sjølv som enno ein smule for ung til å vere godt vaksen.

- Eg l­­­ikar å steikje rundstykke og å bevega meg rundt i fjellet, både med og utan ski under  skoa. Eg likar også å la augeblinken råde og les innimellom ei bok.  Akkurat no les eg «Sofies verden» på nytt. Den vekkjer framleis nysgjerrigheit og undring over stort og smått.

Eriksen bur no i Fosnavåg.

Eg trur det vert interessant og lærerikt i tillegg til ei gjevande utfordring å arbeidei Herøy kommune, avsluttar Eriksen.