Herøy som godt eksempel

Klikk for stort bileteMargunn Ebbesen, næringskomiteen, Arbeiderpartiet, Nordland saman med ordførar Arnulf Goksøyr (Torill Myren) Torill Myren

 

Når Pelagisk Forening skulle vise politikarane kor viktig det er med mange aktørar i fiskerinæringa og kor store ringverknader det får, så valde dei Herøy som eksempel.

Pelagisk Forening er ein medlemsorganisasjon for fiskebåtreiarar langs heile kysten. Tirsdag samla dei mellom anna delar av næringskomiteen på Stortinget og kystordførarar til ei rundreise i Herøy.

Fiskerinæringa i framtida

Stortinget skal no bestemme korleis norsk fiskerinæring skal sjå ut i framtida. I botn ligg rapporten frå Eidesen-utvalet som vil opne for få, store og fjerne fiskeriselskap med superprofitt, som til gjengjeld må betale ressursrente, for å få fiske frå fellesskapen sine verdiar; fisken.

Klikk for stort bileteDelegasjonen samla Torill Myren

Mangfald ein ressurs

Pelagisk Forening ville vise politikarane kor viktig det er med eit mangfald av fiskebåtar for å skape aktivitet og arbeidsplassar - slik ein ser det i Herøy. Ringverknadene vert store og berre med det Herøy-flåten betaler i skattar og avgifter tilsvarer det verdiar rundt 500 lærarårsverk, 200 sjukepleiarar, 300 årsverk i politiet og 300 foreldrepermisjonar.
I tillegg kjem aktiviteten som vert skapt frå samspel og handel med alt frå den lokale matbutikken til fiskeindustrien. Og ikkje minst vart det under besøket peikt på bidraget til kultur og frivillige organisasjonar som ein ser resultatet av i alt frå mindre gaver til den nyleg reiste Fiskarhallen.

Bodskapen frå Pelagisk Forening er at når fiskeflåten alt betaler det dei kallar «naturleg ressursrente» direkte til lokalsamfunna, så trengst det ikkje eit stort apparat for krevje inn ressursrente som så skal betalast ut igjen.

Opplegget starta om bord i Leinebjørn på Leinehamna før politikarane fekk besøke MMC First Process, Fosnavaag Pelagic og Fosnavåg Notbøteri.