Herøyhallen er midlertidig stengt

Inntil vidare er Herøyhallen stengt for all bruk etter at eit gitter ramla ned frå taket fredag kveld. 

Dronebilde av Herøyhallen - Klikk for stort bileteArkivfoto av Herøyhallen Thomas Teige Sporsheim

Kommunen ser alvorleg på hendinga. Det var aktivitet i hallen og gitteret var borti ein person. Kommunen har fått opplyst at det ikkje var behov for helsehjelp. 

Hallen kan ikkje takast i bruk igjen før årsaka til hendinga er avklart. Kommunen tek kontakt med aktørar som har planlagde aktivitetar som må flyttast.