Høgtid og besøk i sjukeheim og kommunale bustadar

Pixabay Det er snart jul og vi ønskjer oss ei høgtid der vi får vere nære kvarandre på ein sikker og god måte. Det er ikkje besøksrestriksjonar knytt til sjukeheimane.

Vi har hatt smitteutbrot i sjukeheim som no er under kontroll. Vi vil gjerne vere føre var og kome med nokre råd knytt til besøk i kommunale institusjonar og bustadar.

Føremål er å unngå ny smitte med SARS-Cov-2 inn i sjukeheimane samstundes som bebuarar i sjukeheimane kan få tilbake noko normalitet i sin kvardag:

  1. Besøk til bebuar i sjukeheim kan gjennomførast på pasienten sitt rom. Alle besøk skal gjennomførast i samsvar med nasjonale smittevernråd. Vi oppmodar besøkande om å bruke munnbind og unngå fellesareal. Det bør, av smittesporingsomsyn, haldast oversikt over kven som besøkjer institusjonen. Dette er ei frivillig registrering. Opplysingane kan ikkje lagrast meir enn 10 dagar.
  2. AntalI besøkande bør ikkje vere fleire enn at regelen om minst 1 meters avstand kan overhaldast av alle.
  3. Det er ikkje låste dører på institusjonane.
  4. Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom dei etter besøket får påvist smitte med Covid-19, eller vert definert som nærkontakt ved pågåande smittesporing.
  5. Den/dei som er besøkande skal vere friske, og ikkje ha teikn til luftvegsinfeksjon. Om dei har hatt slik infeksjon skal dei ha hatt minst to døgn uten symptom før besøk. Ta ein sjølvtest før du kjem.
  6. Besøkande skal gjennomføre handvask/spritvask før og etter besøket. Det same gjeld den som mottek besøk.
  7. Besøk kan og gjennomførast som biltur med 1-2 pårørande evtl. som besøk til eigen heim. Besøk på butikkar, opne forsamlingar, selskap og lignende, kan og gjennomførast innanfor dei smittevernreglar som gjeld for off arrangement og besøk i private heimar.
  8. Det kan gjennomførast kulturarrangement /andakter osv. etter avtale med avdelingleiar. Det skal vere minst to meter, og ingen kontakt mellom dei som opptrer og publikum. Dei som opptrer skal vere friske, bruke god handvask og kontaktflatereinhald. Det bør ikkje vere meir enn ein til tre personar som opptrer samstundes.
  9. Pasientvenner kan ta med pasientar på tur ut også utanfor sjukeheimsområdet, ev.  gjennomføre samlingar inne på fellesareal. Institusjonen har ansvaret for at pasientvenner har oppdatert kunnskap om basalt smittevern. Pasientvenner har ansvar for at smittevernrutinar vert følgde ved gjennomføring av aktivitetar. Aktivitet skal registrerast som besøk.