I dag vert ei ny hjelpelinje lansert

Klikk for stort bilete 

 

I dag, 1. oktober, lanserast vald- og overgrepslinja, som er ei hjelpelinje for dei som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar.

Tenesta er open DØGNET RUNDT.

Ein ringer anonymt og tenesta er gratis.

Tilbodet er frå 18 år og opp, og er til dei som treng å snakke ut, få hjelp, råd og svar på spørsmål kring psykisk vold, fysisk vald og overgrep i nære relasjonar.

Når ein ringer får ein snakke med ein fagperson, og dei kan hjelpe til med å rettleie om ulike hjelpeinstansar dersom ein ønskjer det. Samtalen er uforpliktande, og dei som tek imot telefonen har ikkje meldeplikt til politiet.

Hjelpelinja er også for dei som jobber i hjelpeapparatet, eller er familie, ven eller kollega til ein som er valdsutsatt.

Telefonnummer: 116 006

Heimeside: https://www.volinjen.no/

Dersom ein er under 18 år, og er utsatt for vald og overgrep i nære relasjonar, kan ein ringe:

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Landsdekkende telefon for incest – og seksuelt misbrukte: 800 57 000