Ikkje gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon!

Klikk for stort bilete Pixabay.com Vi ber alle innbyggjarar over 18 år om å sjekke at dei er registrerte med mobiltelefonnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Om du ikkje er registrert, kan du gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon – og andre varslingar frå kommunen din.

I veke 1 kjem første dosene med koronavaksine, og når vi er ferdige med å vaksinere bebuarar ved sjukeheimane i Herøy, vil vi varsle deg på SMS når det er din tur til å bestille time for vaksinering. Vi kjem også til å informere på nettsida og på Facebook.

Mange tek no kontakt med oss fordi dei ikkje har fått SMS, og det skuldast manglande registrering av mobiltelefonnummer i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.

Her sjekkar du om du er registrert

På noreg.no kan du registrere denne informasjonen om deg sjølv, og når du blant anna får digital post, er det her tenesta hentar kontaktinformasjonen ifrå. Noreg.no er ein vegvisar for offentlege tenester på nett.

Du må logge inn via IDporten med sikker innlogging for å utføre denne handlinga. Har du ikkje BankID kan du nytte PIN-koder.

Her registrerer du telefonnummer.

Har du mista kodene? Her kan du bestille nye.

Manglar du eller den du er pårørande for mobiltelefonnummer?

Frykt ikkje. Ein kan registrere pårørande sitt mobiltelefonnummer. Dermed vil ein kunne varsle den det gjeld når ein kan bestille tid for å få vaksinen.

Les meir om vaksinasjon her.

Du går ikkje glipp av vaksinen

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Dette skjer puljevis over fleire veker, avhengig av kor mange vaksinedoser vi får. Vi gjer dette for å sikre at alle som ønskjer det, får høve til å få vaksinen.

Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker, og skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, er det ikkje slik at du då ikkje får vaksine. Då tek du kontakt med oss og vi gir deg nye vaksinasjonstider ved neste leveranse slik at du får begge dosene med tre vekers mellomrom. 

Alle skal få!

Norske helsestyresmakter forsikrar om at alle som ønskjer vaksine mot koronaviruset skal få høve til å få den, men det er nødvendig å prioritere kven som skal få først sidan vi får doser i ulike puljer. Det er dei nasjonale styresmaktene som avgjer kven som skal få først. Du får beskjed når det er din tur, og derfor er det viktig å halde seg oppdatert på nettsida og via SMS når vaksinen er klar til deg.

Alle som skal vaksinerast må ha to doser med minst 3 veker mellomrom. Når du får bestille tid for vaksinering vil du få time til både første og andre dose. Vaksinen er gratis og frivillig.

Det er også lov å ombestemme seg. Om ein først har sagt nei til vaksine, kan ein likevel få den seinare. Då må ein berre vente til neste leveranse.