På villfugl er det lenger sør i landet vårt funne positive prøver på fugleinfluensa.
- Derfor skal vi vere varsame, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.
Fugleinfluensa (influensavirus A) er ein smittsam virussjukdom hos fuglar som kan smitte andre dyreartar. Fugleinfluensa smittar svært sjeldan frå fugl til menneske, berre ved svært nær kontakt med sjuke eller døde fuglar. Sjukdomen smittar ikkje til menneske via mat eller drikkevatn, men blir ein smitta kan ein få alvorleg sjukdom (Folkehelseinstituttet).
Kommuneoverlegen har fått nokre meldingar om døde fuglar og ber deg særskild vere merksam på kontakt med død eller sjuk fugl på badeplassar i kommunen og i regionen elles.
Mattilsynet ønskjer også at du varslar om du har oppdaga døde eller sjuke fuglar av desse artane:
- andefuglar (ender, gjess og svaner)
- havsuler
- måsefuglar
- vadande fuglar
- rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
- åtseletarar (kråkefuglar)
Varsle Mattilsynet ved å sende e-post til postmottak@mattilsynet.no
Det er viktig at du oppgir kvar fuglen er funne så nøyaktig som mogleg og kvar den kan hentast når du melder ifrå til Mattilsynet. Oppgi kommune, adresse og helst også kartreferanse som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din.
Les meir på Mattilsynet sine nettsider her.