Informasjon om heimeskule i Herøy i perioden skulane er stengde grunna smittefare

Klikk for stort bilete Pixabay No står vi føre to særs uvanlege veker i norsk skule. Elevane er midt i skuleåret og har både rett og plikt til deltaking i opplæring, men skulane våre er vedtekne stengde av omsyn til alle innbyggjarar sitt liv og helse. I denne situasjonen vert samarbeidet med heimane rundt elevane si opplæring endå viktigare enn elles.

Alle opplæringsinstitusjonar frå barnehage til universitet og høgskule er stengde i denne perioden. Det vil seie at både små barn og ungdommar er heime og foreldra skal så godt det let seg gjere støtte dei i læringsarbeidet sitt, samtidig som dei kanskje skal yte arbeid frå heimekontor og ivareta barn i barnehagealder.

- Lærarane våre er topp motiverte for oppgåva og gjekk fredag i gang med den store jobben det er å leggje til rette for at opplæring skal foregå og følgjast opp heime, utan fysiske møte mellom lærarar og elevar. Dei legg no til rette for ein skuledag som skal vere tilpassa alder og kompetanse og ut frå kva verktøy ein har til rådvelde digitalt. Det er viktig at både store og små elevar kjem seg inn i gode rutiner og har opplevinga av faste rammer, sjølv om skuledagen deira vert heilt annleis, fortel Sølvi Lillebø Remøy, kommunalsjef for oppvekst i Herøy kommune.

Forventningar til tilbodet til elevane:

  • Alle skal ha ein dagsplan/arbeidsplan som skildrar kva dei skal jobbe med i «heimeskulen».
  • Alle elevar/heimar skal følgjast opp iløpet av skuleveka med telefonkontakt frå ein av lærarane sine. Korleis ein løyser dette må avgjerast på den einskilde skule/laget rundt klassa. Vi må vere ekstra obs på elevar som er einsame/åleine i vanlege skuledagar – desse er særs sårbare no når den vanlege ramma for sosialt samspel fell vekk.
  • Alle elevar skal ut frå alderssteg få oppgåver/arbeidsoppdrag som høyrer inn under læreplanane. Kontaktlærarar og timelærarar må samarbeide rundt kva arbeid ein kan forvente. Det er viktig med samarbeid med heimen, slik vi er lydhøre for signal om at ting vert vanskeleg å gjennomføre eller for mykje. Opplæringa skal vere i samarbeid med heimen.
  • Vi nyttar mal/ramme for ein dagsplan/vekeplan slik:

Mal for innhaldet i ein «heimeskuledag» - 2 faglege økter + lesing og fysisk aktivitet kvar dag

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

fredag

Økt1

Økt1

Økt1

Økt1

Økt1

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet

Økt 2

Økt 2

Økt 2

Økt 2

Økt 2

Leseøkt

Leseøkt

Leseøkt

Leseøkt

Leseøkt

 

- Dette er unntakstilstand og ingen kan forvente at vanlege undervisningsforløp vert gjennomførte. Elevane våre er i ein situasjon der alle dei faste rammene rundt livet deira fell vekk i form av skule, idrett, kulturskule og fritidstilbod. Det er viktig at vi i denne perioden fokuserer og oppmodar til ulike formar for fysisk aktivitet og nyttar moglegheitene vi har til å gjere dei praktiske aktivitetane vi aldri elles rekk å vektlegge: gode oppdrag kan liggje innafor å rydde rommet, lage middag, lufte hunden, leike med litlebror, gå/sykle ein tur med meir, seier Sølvi Lillebø Remøy.

Læraren nyttar showbie, google og e-post for å kommunisere ut arbeidsplanar og lenkjer til nettressursar for elevane.

Oppfølging av elevarbeidet må avtalast utfrå alderssteg og kva digitale moglegheiter ein har tilgjengelege for klassa.

Opnar lisensierte læremiddel

I denne perioden har mange læremiddelprodusentar opna sine lisensierte læremiddel til bruk for alle skular. Dette for å gje elevar og lærarar rikt tilfang med læremiddel der ein kan jobbe med fag på digitale plattformer. Lærarane legg inn tilgjengelege lenker i planane til elevane, slik dei kan finne fram.

- Mange av våre lærarar er med i ein digital dugnad på landsbasis, der lærarar hjelper kvarandre med idear og undervisningsopplegg i ulike fag mot ulike alderssteg. Facebookgruppa Korona-dugnad for digitale lærere, som var oppretta før helga, har i skrivande stund over 48 000 medlemmar frå alle opplæringsinstitusjonar. Her finn du også ei undergruppe for foreldre som tilbyr andre foreldre hjelp og tips digitalt. Det er utruleg kjekt å sjå kor raskt lærarane rundt om i landet organiserte seg for å hjelpe kvarandre med å gjere det beste ut av ein vanskeleg situasjon for elevane våre. Dette er norsk dugnadsånd på sitt aller beste, avsluttar kommunalsjefen.