Grunnskulen:
Regjeringa har bestemt at ungdomsskulane skal drive på raudt nivå frå 4.-18.januar.
Dette inneber ulike tiltak, og alle dei får du oversikt over her (under Rødt nivå – ungdomsskole).
Barneskulane skal drive på gult nivå, på same måten som før jul.
Vi oppmodar lokalt om at elevar på ungdomstrinnet nyttar munnbund på skulebussen, sidan det der ikkje er mogleg å halde tilråda avstand.
Kulturskulen:
Det vert nokre endringar i kulturskulen fram til 18.januar:
Gruppeundervisning for elevar frå ungdomsskulealder og oppover, vert avlyst. Dette på grunn av at elevane kjem frå ulike kohortar/klasser. Digital undervisning vert vurdert, og det blir gitt nærare informasjon om dette til dei det gjeld.
Individuell undervisning, samt gruppeundervisning for elevar i barneskulealder, vert gjennomført som før jul. Ein minner her om dei generelle smittevernreglane.