Informasjon om tiltak i legetenesta i Herøy

Klikk for stort bileteSikring av liv og helse og å redusere spreiing av koronaviruset har no høgste prioritet. Herøy kommune innfører difor følgjande tiltak i legetenesta:

  • Ikkje møt opp til bestilte timar dersom det ikkje hastar (dei som ikkje møter til avtalt time vil ikkje verte belasta med gebyr).
  • Dersom du ikkje alt har avtale om time, skal du alltid ringe fastlege eller legevakt før du møter opp. Dersom du skal møte opp får du beskjed om når og kvar du skal møte. Ein del konsultasjonar kan gjerast over telefon eller video.
  • Vi vil unngå at det sit fleire personar på venteromet. Møt difor opp presis og forlat lokala så snart som mogleg etter at du er ferdig hos legen.
  • Legane kan få ulike oppgåver i tida framover. Det kan difor vere at du ikkje blir møtt av fastlegen din, men av ein av dei andre legane.
  • Testing for korona skal alltid avtalast, og du vil få nærmare beskjed om når og kvar du skal møte, og korleis du skal forhalde deg. Ved Herøy legesenter vil testing som hovudregel skje i garasjen ved Eggesbøtun, og ved Myrvåg legesenter utanfor legesenteret.
  • Legar som er friske, men i karantene, kan utføre ein del konsultasjonar frå heimekontor.

Det er stor telefontrafikk inn til legesentra. Kommunen har difor innført ei korona-teneste. Har du spørsmål om korona, skal du ringe tlf. 46 91 53 60 eller sende e-post til korona@heroy.kommune.no. Telefonlinja er open kvardagar kl. 9-14. Du kan også ringe den nasjonale informasjonstelefonen: 815 55 015.

Vi oppmodar om at de først les informasjonen på Herøy kommune sine heimesider før de tek kontakt eller sender e-post. På heimesida finn du mellom anna informasjon om når du skal kontakte lege, om kven som skal testast og om karantene/isolasjon.

Den nyaste informasjonen finn du alltid her.