Informasjon til alle foreldre i offentleg grunnskule i Herøy

Klikk for stort bilete Pixabay Samfunnet er i ferd med å opne opp att, og det gjer vi gradvis og kontrollert, også i skulane. 

Sektor oppvekst i Herøy ser at det er viktig å informere foreldra om dei rammene, forventingane og retningslinene som gjeld fram mot sommaren og ved starten på nytt skuleår. I tillegg vil vi opplyse om korleis reglane har endra seg frå raudt til gult nivå knytt til smittevern.

Gult nivå – Noverande reglar

I perioden fram til skuleslutt juni 2020 og frå skulestart i august 2020 gjeld desse reglane:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen
  2. God hygiene og forsterka reinhold. ( Dvs administrasjon, lærarar og assistentar må bidra med vask i løpet av dagen for å møte krava til reinhald).

Alle elevar må  vaske hender ved oppmøte på skulen, etter friminutt, før/etter matpause og etter toalettbesøk.

  1. Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
    Heile klasser kan reknast som ei gruppe ( kohort)
    Tilsette kan veksle mellom grupper/klasser.
    Trinnvise grupper ( kohortar)  på SFO
    Unngå trengsel og store samlingar
    Så langt råd ha eigne områder ute for ulike klasser i pausar/friminutt

Gult nivå vil gjere det lettare å organisere undervisninga i klasseromma slik som før koronautbrotet, men mykje tid kjem framleis til å gå med til hygiene- og smitteverntiltak.

Skulane strekker seg så langt som råd for å oppretthalde ordinært opplæringstilbod, men foreldre/elevar må vente seg at det kan ta tid før vi er tilbake til normalen.

Opplæringslova og forskrifter gir løyve til dette, førebels fram til 1.november 2020.

Raudt nivå – Slutt 1.juni.

Skulane, elevane og de heime har saman med resten av Noreg vore gjennom ein ekstraordinær situasjon som ingen kunne førestille seg korleis det skulle bli då skulane vart stengde den 12.mars.

I denne perioden har lærarar vore særs kreative til korleis dei kunne halde undervisninga i gang i samarbeid med foreldra når elevane skulle vere heime. Dette har vore ein gigantisk dugnad der alle i samfunnet har bidrege så godt som mogleg ut frå sin situasjon. Dette betyr at skuletilbodet elevane våre har fått har vore veldig ulikt ut frå tilgang til digitale læremiddel og familiesituasjonen til både lærar og elev der nokre har hatt både heimeskule, heimebarnehage og heimekontor samtidig.  Alle som har prøvd ut denne kombinasjonen veit at vi ikkje har vore så effektive som vi hadde ønska i nokon av rollane.

Sidan 27. april då 1. – 4. klasse fekk begynne på skule igjen har vi vore i raudt nivå knytt til smittevern. Då er det desse rammene som har vore gjeldande, men det er no endra:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen
  2. God hygiene og forsterka reinhold. ( Dvs administrasjon, lærarar og assistentar har bidrege med vask i løpet av dagen for å møte krava til reinhald).

Alle elevar har vore nøydde til å vaske hender ved oppmøte på skulen, etter friminutt, før/etter matpause, og etter toalettbesøk.

  1. Kontaktreduserande tiltak:
    Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
    Dele klasser inn i mindre grupper (kohortar)
    Faste lærarar til kvar gruppe så langt det er mulig
    Så langt råd halde same grupper på SFO som i skulen
    Så langt råd halde avstand mellom elevar/tilsette. Regel om 1 m avstand.
    Unngå trengsel og store samlingar
    Ha eigne område ute for ulike grupper i pausar/friminutt for å minske kontakt mellom ulike grupper
    Vurdere ulike oppmøtetider for elever

Innafor desse rammene har skulane lagt til rette for så lang opningstid på skule og SFO som mogleg, ut frå at alle skal ha fast bemanning og mindre grupper. Mykje tid går med for å halde god handhygiene og ekstra reinhald både ute og inne. For å sikre at så mange elevar som råd har hatt eit «dagtilbod» på skulen kvar dag, har skulane vore kreative og gjennomført undervisning i friluft ut frå mål i læreplanane.

Det har vore regjeringa sitt mål at elevane så langt det er råd skal ha eit dagtilbod om ikkje fullgod undervisning, slik at foreldra kjem seg på arbeid igjen.

Opplæringslov og forskrifter har frå og med 12. mars hatt ei korona-tilpassing vedtatt av Stortinget, der fagplanar og timefordeling har vore fjerna som krav. 

Denne tilpassinga i opplæringslova gjeld fram til 1.november 2020.

Dette betyr at sjølv om skulane og samfunnet opnar seg meir og meir, kan ikkje skulane klare å yte vanleg timetal og same innhald/standard på undervisning som var gjeldande før 12. mars.