Informasjon til deg med alvorleg nedsett immunforsvar

Har du alvorleg nedsett immunforsvar?  Her får du informasjon om dose 3 og oppfriskingsdose (dose 4) av koronavaksinen for denne gruppa.

Om du har alvorleg nedsett immunforsvar, bør du ta 3 ordinære dosar av koronavaksinen og oppfriskingsdose, totalt 4 dosar. Dette gjeld personar med visse diagnoser (gruppe 1), og personar med immundempande behandling av annan årsak (gruppe 2). 

Kor lang tid skal det vere mellom dosane?

Dose 3:

Det må ha gått tre (Pfizer) eller fire (Moderna) veker frå du fekk dose 2 til du kan få dose 3.

Oppfriskingsdose (dose 4):

Det må ha gått 3 månader sidan dose 3.

Kven er gruppa med alvorleg nedsett immunforsvar?

Gruppe 1:

  • Organtransplantert
  • Beinmargstransplantert dei siste 2 åra 
  • Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt 
  • Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse 
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Ta med dokumentasjon til vaksinasjonslokalet. Det kan vere vaksinebrev frå sjukehuset frå då du skulle ha 3. dose, eit journalnotat eller annan skriftleg dokumentasjon.

Gruppe 2:

  • Pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak 
    • Er du i tvil om du går på slik medisin? Oversikt over det finn du her.  Ta med dokumentasjon til vaksinasjonslokalet. Det kan vere vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta frå då du skulle ha 3. dose, eit journalnotat, resept/e-resept frå helsenorge.no, annan skriftleg dokumentasjon eller medikamentforpakninga der namnet ditt står på.
  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling
    • Ta med vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta frå då du skulle ha 3. dose. Dette fordi det må gjerast ei indivduell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknadar. 
  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist vert vurdert til å ha eit svært nedsett immunforsvar og som ikke inngår i ei av gruppene ovanfor
    • Ta med vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta frå då du skulle ha 3. dose.

Du er velkomen til vaksinasjon når det passar. Her finn du oversikt over vaksinasjonsdatoar. Vi minner om du anten kan bestille time eller droppe innom.