Informasjon til foreldre med skulebarn

Klikk for stort bilete Pixabay Her finn du informasjon til foreldre­­ i Herøyskulen om korona og gjeldande smitteverntiltak ved skulestart august 2020.

Herøy kommune er opptekne av at det skal vere trygt å kome på skulen for elevar og tilsette, og vil derfor informere alle foreldre om korleis skulekvardagen blir frå skulestart.

No har alle vore på ferie eller hatt besøk og vi møtast igjen på skulen. Då vert det ekstra viktig at vi tek vare på kvarandre og held på dei gode rutinene for å unngå ei smitteoppblomstring i kommunen vår.

Framleis gjeld dei generelle smittevernråda:

  • Ingen skal kome på skule/arbeid dersom dei er sjuke.
  • Vask hendene før de kjem på skulen og når de kjem heim.
  • God handhygiene og ekstra reinhald vil framleis vere viktig på skulen

Pr tida er situasjonen på gult farenivå:

  • Heile skuleklasser kan vere samla i undervisning.
  • Alle elevar skal ha eit fulltidstilbod på skulen, med tilnærma vanlege skuledagar.
  • Handhygiene og smittvern er tidkrevjande, noko som gjer at sjølv om skuledagane har vanleg lengde, vil ein del tid gå med til ekstra reinhald og handvask.
  • Uteområdet på skulen vart framleis delt i soner eller pausar organisert på ulikt tidspunkt for å sikre avstand mellom klassene.
  • Elevar og tilsette må unngå handhelsing, klemmar og store samlingar.
  • Elevar kan fylgje vanleg skuleskyss. Dei treng ikkje halde 1m avstand på skulebussen, sjølv om dette er eit krav for andre reisande.
  • Elevar med luftvegssymptom, som ikkje er vanleg for barnet skal halde seg heime til 1 dag etter symptomfriheit.
  • Ein skule eller delar av skulen kan verte stengd for ein eller fleire dagar på kort varsel, dersom ein ikkje tilgjengeleg personale for å halde ope skulen/klassen. Dette vert vurdert av skulen saman med smittevernoverlege.

 

 

 

 

 

 

 

­