Inneklimaet ved Bergsøy skule Borga

Eigedomsavdelinga har i dag hatt møte med rådmann, kommuneoverlegen, kommunalsjef oppvekst og verneombodet ved Bergsøy skule Borga om inneklimaet ved skulen. Dette etter bekymringsmelding frå foreldre og tilsette ved skulen. 

Klikk for stort bilete

Bergsøy skule Borga har utfordringar knytt til fukt og lukt, noko Eigedomsavdelinga jobbar på fleire plan for å utbetre. Etter dagens møte vert det difor jobba vidare med fylgjande:

1. Bassengområdet i underetasje 1 er ikkje i bruk av skulen og forblir permanent avstengt. Det vert etablert avtrekksventilasjon i dette området for å sikre forsvarleg luftutskifting. Eit rom i dette området vert også sanert basert på at tilsig av vatn til dette rommet no er stoppa og at ein difor ynskjer å renske rommet reint for å unngå lukt og mugg. Oppstart er venta mandag 30.09.2019.

2. I korridoren frå bassengområdet ned til musikkrommet vert ein vegg som er utsatt for saltutslag reinska rein. Vidare underøkelsar av bakanforliggande terreng vurderast for å finne kjelda til fuktproblematikken. Vidare har vi etter synfaring med ventilasjonsleverandørar konkludert med fleire tiltak som vert gjennomført i haustferien. Vi kjem attende med meir informasjon om dette etterkvart. 

3. Nedløp frå yttertak til balkong over plan 1 vert ombygt for å leie vatn frå tak vekk frå bygget via utvendige taknedløp framfor via innvendige nedløpsrør som etter tidens tann og slitasje er utsatt for lekkasje og dermed bidreg til at vatn vert leia inn i bygget.

4. Kummar for overvatn på skuleplassen vert også undersøkt med videokamera i neste veke for å kartlegge om rørsystemet i bakken er skada eller på anna vis leiar vatn på uheldig vis inn mot bygget. Ytterlege tiltak for å utbetre drening rundt bygget vurderast fortløpande, avhengig av kva informasjon vi får etter kartlegging. 

5. Basert på gjeldande investeringsplan og det pågåande arbeidet med investeringsbudsjettet for 2020-2023 vert det også lagt opp til vidare rehabilitering av Bergsøy skule Borga. Dette inneber både fasaderehabilitering og innvendig oppgradering, herunder vidare arbeid med ventilasjonssystem og varmesystem. 

Vi håper med dette å kunne få til ei betre luftutskifting i bygget og at vi dermed også kan bli kvitt luktproblematikken. Vi kjem attende med ytterlegare informasjon så snart vi kan og ynskjer forøvrig alle ei god helg i det fine været.