Inneklimavurdering Bergsøy skule Borga

Eigedomsavdelinga har i samarbeid med Polygon AS innhenta ei ny inneklimavurdering frå Mycoteam AS etter at luktproblematikk gjorde det naudsynt å stenge av delar av Bergsøy skule Borga. Etter ein gjennomgang av rapporten med kommuneoverlegen, er det beslutta å opne opp for undervisning i dei avstengte klasseroma i underetasje 1 medan det gamle bassengområdet no vert permanent avstengt. 

Klikk for stort bilete

Luktproblematikk

Delar av Bergsøy skule Borga vart avstengt frå og med 01.04.2019 på grunn av luktproblem. Du kan lese meir om dette i denne nyhendeartikkelen:
https://www.heroy.kommune.no/aktuelt/luktproblem-ved-bergsoy-skule-borga.70444.aspx

Synfaring med kommuneoverlegen 

Kommuneoverlegen utarbeidde etter synfaring ved skulen 29.03.2019 eit notat som har lege til grunn for det arbeidet som har vore gjort og vert gjort framover. Kommuneoverlegens notat kan du lese her: Rapport etter synfaring ved Bergsøy skule Borga (PDF, 243 kB).

Avstenging av bassengområdet og utbetring av ventilasjonsanlegg

Etter kommuneoverlegens synfaring, vart klasseroma og tihøyrande korridor i underetasje 1 avstengt. Skulen har løyst behovet for undervisningslokale sjølve i denne perioda. 

Det gamle bassengområdet i underetasje 1 og 2 vart også fysisk avsperra. Det vart såleis bygd ein skillevegg mellom korridor i underetasje 1 og det gamle bassengområdet. I tillegg vart ventilasjonsanlegget i bassengområdet sett i drift etter mindre utbetringstiltak. Saltutslag på vegg i trapperom mot underetasje 2 vart også utbetra. 

Luktproblema ved skulen vart merkbart mindre etter dette, men i samråd med kommuneoverlegen vart klasseroma og tilhøyrande korridor i underetasje 1 avstengt inntil analyseprøver kunne verifisere om fukt og luktproblema ved skulen også innebær helsefarleg mugg mm. 

Analyseprøver

Eigedomsavdelinga engasjerte på denne bakgrunn Polygon AS til å ta prøver i ulike delar av det avstengte området. Prøvene vart sendt til analyse hos Mycoteam AS som oversendte sin rapport i påskeveka. Analyserapporten kan du lese her: Mycoteam Analyse Lisjebøvegen 24 (PDF, 994 kB)


Analyserapporten viser spor av aktinobakterier i korridor i underetasje 1 og i garderobe og keramikkrom i tilknytning til det avstengte bassområdet. I det gamle bassengområdet er det også funne spor av andre muggforekomstar. Du finn meir informasjon om dette i rapporten, sjå tabell 3 på side 4. 

Hovudkonklusjonen er at fuktproblema ved skulen har ført til muggproblematikk i det avstengte bassengområdet medan undervisningsarealet kan gjenopnast for ordinær bruk.

Kva gjer vi no?

Etter ein gjennomgang av analyserapporten med kommuneoverlegen, er det beslutta å opne underetasje 1 for undervisning frå og med 24.04.2019.

Det gamle bassengområdet forblir avstengt og vert kun tilgjengeleg for personell frå kommuna i samband med tilsyn. I dette området vil det i tida framover også verte gjort andre tiltak . Dette kjem vi attende med meir informasjon om etterkvart. 

Dersom du har spørsmål til ovannemnde, ber vi om at du tek kontakt med eigedomsleiar Robert Myklebust eller kommuneoverlege Torill Myklebust.