Inviterer til Rådhusløpet

Klikk for stort bileteFrå venstre: Ole Magne Rotevatn og Frank Robert Stenersen ved utviklingsavdelinga saman med ordførar, Bjørn Prytz, som håpar mange vil delta i løpet. Iselin Nevstad Øvrelid Det er tid for tv-aksjon. Med det inviterer vi deg til å vere med på rådhusløpet til inntekt for ei god sak.

Møt opp utanfor rådhuset onsdag 14.10.20, ved rådhustrappa, kl. 15.00. Løpet startar kl. 15.10.

Årets aksjon går til WWF og deira arbeid mot plast i havet (matbordet vårt) som i dag er eit høgaktuelt og viktig arbeid som må gjerast. Sjølve TV-aksjonen går av stabelen 18. oktober, men denne veka er aksjonsveke med diverse arrangement.

Sponse løpet?

Vi har dei tre siste åra hatt Rådhusløpet der vi på rådhuset har gått eller sprunge rundt rådhuset på tid, og sponsa sjølve og/eller familie/vener har sponsa eit beløp pr. runde eller eit fast beløp.

Til fjorårets aksjon bestemte vi oss for at vi skulle utvide løpet litt og utfordre heile organisasjonen til Herøy kommune, og også andre bedrifter/lag til å stille opp i løpet. Vi endra også løypa noko og laga ei litt lenger løype som vist her:

Vi held fram med same løypa i år.

Klikk for stort bilete Løypa er ca. 440 m med start og slutt ved hovudinngangen til rådhuset. Vi går/springer så mange runde vi klarer på 20 minutt.

- Vi håpar fleire bedrifter vil stille i årets løp, seier Frank Robert Stenersen i Herøy kommune.

- Vi oppfordrar også dei folkevalde til å stille i årets løp, legg Ole Magne Rotevatn til og får støtte av ordførar Bjørn Prytz.

Det vert lagt ut/sendt ut ein spleis der eventuelle bidrag/sponsing av løpet ditt kan betalast inn.

Eventuell sponsing for ditt løp ordnar du med sjølv, anten du sjølv sponsar eller du får vener/familie til å sponse ditt løp. Du kan sjølvsagt også vere med på løpet utan sponsing, eller bidra i TV-aksjonen utan å vere med i løpet.

- Hugs at du kan gå om det er ønskjeleg. Ingen treng å springe. Løpet skal gi fokus på TV-aksjonen og samstundes er det eit godt tiltak for folkehelsa, legg Frank Robert Stenersen til.

Her kan du gi ditt bidrag.

Hugs smittevern

Smittevernoverlege, Bjørn Martin Aasen, minnar samstundes om smittevernreglane:

1. Alle som stiller i løpet må vere friske! Det same gjeld publikum!

2. Publikum må halde 1- meters-regelen. Unngå samanstimlingar!

3. Ta med spritvask og vask hendene ofte!

Du kan lese meir om årets tv-aksjon her.