Jakta på krabbar

Vi har mange gonger vert i fjøra på leiting etter krabbar og ikkje funne nokon store.

Klikk for stort bilete 

Barna har vert  svært ivrige til å leite etter krabbar.

Siden vi ikkje har funnet nokon endå fikk personalet ein ide om å bringe krabbene til barna sånn dei fikk sjå korleis store krabbar ser ut.

På samling fikk barna vete at vi skulle få besøk av krabbar i utetida. Det første barna gjer når dei kjem ut er at dei startar å leite etter krabbene på heile uteområdet. 

Dei kom til ein av dei vaksne og sa vi finn ikkje krabbene, då responderte den vaksne med eit spørsmål om kvar lever krabbene?

Eit av barna svarte då i havet og sa frå til resten av gruppa at dei måtte leite i søylepyttane, sidan der er vatn. 

Dei fann dessverre ikkje nokon krabbar på uteområdet. Ein av dei vaksne henta krabbene. Det vart gode samtalar og nokon var så tøffe at dei ville holde ein krabbe. 

Ein læringsrik og fin fredag.