Jobbmesse i Herøyhallen 1. oktober 2019

Klikk for stort bileteF.v. Jarle Stordal, June Bergseth og Kåre Hansen ser med spenning fram til jobbmessa i Herøyhallen 1. oktober.

 

 Tysdag 1. oktober klokka 12:00 vert det Jobbmesse i Herøyhallen. Det vert ei stor messe med nærmare 50 bedrifter og rundt 800 arbeidssøkjande.

- Det er gjennomgåande stor optimisme bland arbeidsgjevarane på Søre Sunnmøre, sjølv om tilgong på kompetent arbeidskraft vert ei utfordring i tida som kjem. Herøy, Ulstein og Hareid har fortsatt noko betre tilgong på arbeidsfør arbeidskraft enn øvrige kommunar i fylket, og i tillegg har vi monge som står utanfor arbeidslivet som vi må få i gong. Det er viktig at vi klarer å lukkast med inkluderingsdugnaden; eit tett samarbeid mellom bedrifter, helse, skule og NAV gjev gode resultat, seier NAV-leiar Jarle Stordal.

Byrjar å verte erfarne

- Det er viktig å kjenne vitjetida si som arbeidssøkjar. Ein oppdatert og god CV er svært viktig å ha med seg i møte med arbeidsgjevarane på Jobbmessa. Les deg opp på bedriftene som er mest aktuelle for deg og gjer deg gjerne kjend med dei øvrige bedriftene på messa. Kanskje har dei noko for akkurat deg som du som arbeidssøkjar ikkje kunne forutsjå. Kle deg opp slik at du framstår på ein positiv måte overfor ein mogleg framtidig arbeidsgjevar, sier Kåre Hansen, jobbkonsulent ved NAV Herøy og Vanylven.

Glad for samarbeidet

- Vi gledar oss til messa og det er veldig hyggjeleg å kunne arrangere Jobbmessa i vakre Herøy, seier Oddvor Hovden, markedskoordinator ved NAV Møre og Romsdal. Ho oppfordrar samtidig arbeidsgjevarar som ynskjer å delta med stand på messa, til å ta kontakt omgåande for å sikre seg en plass.

Tidlegare suksess

Jobbmessa gjekk føre seg på Ulstein arena i fjor, og det var ein suksess.

- Det vert ein naturleg møtestad for bedrifter og arbeidssøkjarar, og på Jobbmessa finn ein alle typar arbeidsgjevarar og -søkjarar, seier jobbkonsulent ved NAV Herøy og Vanylven, June Bergseth. Messa er opa for alle som vil kome, og vi håpar det vert minst like stor suksess i år som i fjor, kommenterer dei.