Jubileumsgåve frå Sparebanken Møre

IMG_20181204_125625 - Klikk for stort bilete I samband med Sparebanken Møre sitt 175-års jubileum har dei gitt 175.000 kr til Herøy kommune. Pengane skal brukast til å opparbeide/utsmykke Almenningskaia. 

Alle dei 24 kommunane som Sparebanken Møre held til i, fekk ei gåve på kroner 175.000 til eit godt formål, som skulle gjere kommunane til ein enno betre stad å leve og bu i. Det kom inn mange forslag, og i vår kommune vart det Almenningskaia som fekk gåva. 

Det er foreløpig ikkje avklart nøyaktig kva tiltak på Almenningskaia pengane skal gå til. Vi ynskjer innspel, artikkel vil snart bli oppdatert med informasjon om korleis de kan kome med forslag.