Julianne Hauge tilsett som kulturleiar

– Eg gler meg til å starte i jobben og ønsker å bidra til det gode livet i Herøy, seier Julianne Hauge, den nye kulturleiaren vår.

portrett av Julianne Hauge - Klikk for stort bilete Per Eide / Ulstein kulturskule

– Kultur skapar glede, meistring og eit rikare samfunn. Vi skal ta vare på den gode kulturen vi har og saman med politikarar, tilsette og frivilligheita utvikle nye møteplassar og gode opplevingar, seier Hauge.

Ho kjem frå stillinga som rektor ved Ulstein kulturskule. Tidlegare har Hauge vore kulturskulerektor og kulturkonsulent i Sande kommune. I tillegg har ho mellom anna dirigert korps og vore musikklærar.

Hauge har dei siste åra utdanna seg i leiing og kommunikasjon. Ho er 48 år og bur i Ulstein.

Vi seier varmt velkomen!