Kan det vere korona?

Marit Sævik Leinebø har hendene fulle av koronatestar og gir gjerne ut til dei som ønskjer å hente. Iselin Nevstad Øvrelid Som elles i landet er også Herøy inne i ei «sommarbølgje» av nye koronatilfelle. Vi har testar til deg.

Testane vert ikkje registrert utan at ein vert så sjuk at ein har behov for legeundersøking. Det vert ikkje gjennomført eigenregistrering av positive koronatestar. Dette fordi vi ikkje treng det for å gi gode smittevernråd til befolkinga. Sjølvtestar kan du hente på teststasjonen, biblioteket, Fosnavåg helsehus, servicetorg og Myrvåg legesenter i opningstida dersom du ønskjer å teste deg for covid-19.

Dersom ein har koronainfeksjon skal ein oppføre seg som om ein har ein vanleg influensa: Har du feber og har symptom så hald avstand til andre, eventuelt vere heime frå jobb slik at du ikkje smittar andre. Unngå også kontakt med famiilemedlemmer som har auka risiko for alvorleg sjukdom.