Kartlegging av breibandstilbodet i kommunen

Klikk for stort bilete

 Er det områder i kommunen som ikkje har breiband eller dårleg breibanddekking? Då kan du gi tilbakemelding. 

Breibanddekking

Herøy kommune er ei kommune som har god breibanddekning, både til innbyggjarane og verksemdene. Kommunen har kartlagt at område Runde-Goksøyr ikkje har breibanddekning. Med bakgrunn i dette, så søkte vi fylkeskommunen den 1. juli 2019 om tilskot til ei utbygging for dette området.

Kartlegging

I samband med at fylkeskommunen no skal kartleggje breibandstilbodet for alle kommunane i Møre og Romsdal, så ber vi om tilbakemelding på om det er områder i kommunen der du som innbyggjarane eller verksemdene opplever å ikkje ha breiband, eller har dårleg breibanddekning. Dette er ei viktig kartlegging for Herøy kommune for å sikre alle ei god breibanddekning – noko som er nødvendig å få på plass som eit alternativ til kobbarnettet.

Tilbakemelding

Herøy kommune ber om tilbakemelding om breibanddekninga innan 18. august 2019, ta gjerne kontakt med Andrea Chr. Nørve på andreas.chr.norve@heroy.kommune.no om det er spørsmål eller om noko er uklart.