Kast ikkje våtserviettar i toalettet

Våtserviett - Klikk for stort bilete

 

Våtserviettane som er merka med at dei kan kastas i toalettet, kan tette avløpsrør! 

I samband med fleire tilstoppa avløpsrør på grunn av våtserviettar som er kasta i do, kjem vi no med ei oppmoding: Ikkje kast våtserviettar i toalettet. 

Våtserviettar til reingjering som er merka med at dei kan kastast i toalettet, marknadsførast og vert tilbydd i aukande grad. Våtserviettane er mindre oppløyselig enn vanleg toalettpapir. Difor vert sjansane for tilstopping i avløpsrør og pumper større, både hjå huseigar og kommunen. Våtserviettane skal difor ikkje kastast i toalettet, om du ynskjer ei jul utan tett kloakk.

Anlegg- og driftsavdelinga i Herøy kommune ynskjer med dette alle ei stakefri jul, og eit godt nyttår!