- Klar for å jobbe med rusarbeid

Sunniva Bigset Karlsen (33) tek til i eit engasjement innan kommunalt rusarbeid, der hovudfokus blir rusførebyggande tiltak retta mot barn og ungdom.

For tida er Bigset Karlsen tilsett som smitteteamleiar der ein jobbar med koronatesting og alt arbeidet rundt det. No gler ho seg til å byrje i jobben frå 1. november. Jobben er eit engasjement som kan bli fast. 

- Eg er svært klar for å jobbe med rusarbeid. Eg går inn med stor respekt for alle eg skulle møte på. Eg er audmjuk og har ei genuin interesse om å kunne skape noko varig og synleg, og legge til grunn godt tverrfagleg samarbeid i kommunen for å få dette til, seier Sunniva Bigset Karlsen.

33-åringen er ferdig utdanna hjelpepleiar og har vore utdanna sjukepleiar sidan 2011. Ho har jobba eit par år i heimesjukepleia og elles jobba på sjukeheimen i Ytre Herøy dei siste åtte åra. Ho har også jobba som hovudtillitsvalt i Norsk sykepleierforbund i Herøy frå 2012 til 2019.

På fritida er Bigset Karlsen glad i å vere saman med familien sin, gå i fjell med hunden Buster, som tilhøyrde veslebroren hennar og nytte tid på minihytta i Honnjdalen.

Herøy kommune ynskjer Sunniva velkomen til jobben.