Klart for liv og røre på TV-aksjonen

Merethe H Flusund frå Havlandet og Martin Hauge-Nilsen spring over målstreken. Thomas Sporsheim TV-aksjonen i år går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Dato for TV-aksjonen er søndag 24. oktober og det vert lagt opp til ymse aktivitetar i Fosnavåg sentrum dagen før.

Her er programmet for laurdagen. For meir info om stafetten kan du sjå videoen under.

Laurdag 23. oktober
• Butikkane markerer TV-aksjonen
• Bumperball-aktivitet utanfor Valaker
• Stafett gjennom Rådhusgata

TV-aksjonsstafetten
Havlandet er bedne om å engasjere næringsliv, lag og organisasjonar ved å invitere til TV-aksjonsstafetten
• Stafetten startar kl. 12.00
• Stafetten vil gå gjennom Rådhusgata frå Herøy Rådhus til Modeca
• 3 deltakarar pr. lag
• Det er 3 etappar og kvar etappe går frå Rådhuset-Modeca T/R
• Om det vert mange lag, vil det verte arrangert heat, der dei 3 beste går til finaleheatet
• Premien er ein vandrepokal, samt heider og ære
• Påmeldingsgebyret går uavkorta til TV-aksjonen

Påmelding
- Gjennom Spleis HER

Gebyr
kr 500 pr lag
kr 300 pr lag frå lag nr 2 om ein melder på fleire

Her kan du lese meir om andre givarmoglegheiter for bedrifta.

I videoen kan du sjå kva Merethe H Flusund frå Havlandet og Martin Hauge-Nilsen som er innehavar av vandrepokalen seier om årets stafett.