Klimademonstrasjon

Klikk for stort bileteElever i demonstrasjon

Elevar ved Ytre Herøy ungdomsskule demonstrerte i dag for miljøet. Elevane hadde sjølve organisert demonstrasjonen. Dei som ikkje var med på demonstrasjonen hadde vanleg undervisning.

Med rop og plakatar der det blant anna stod:

  • Vi har ikkje tid å vente til vi er vaksne
  • # Friday for future
  • Save the planet
  • Stopp global utvikling
  • Save the world
  • Tut for respekt  (hørte at bilane tuta då dei kjørte forbi)

Klikk for stort bileteSølvi Lillebø Remøy og Brit-Synnøve Torvik i dialog med elevane.

Kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, og fagleiar Brit-Synnøve Torvik møtte ungdomane på trappa.

Sølvi Lillebø Remøy utfordra ungdomane litt ved å stille spørsmål som:

  • Kva betyr slagorda for deg?
  • Korleis kan du bidra for å betre miljøet?

Ungdomane meiner dei kan bidra ved å verte flinkare å sortere, ta med seg pose for å samle plast når dei er ute og vere meir bevisst på kva dei gjer.

Sølvi Lillebø Remøy ønskte ungdomane lukke til med demonstrasjonen og god tur vidare.

Klikk for stort bileteEi runde til i Fosnavåg for dei returnerer til skulen

Eit stort engasjement frå elevane som ville gå ei runde til i Fosnavåg før dei returnerte til skulen.