Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2024–2028 ligg ute til offentleg ettersyn. Dermed har du no høve til å kome med innspel.
Kvifor er det viktig at du kjem med innspel?
– Ein plan har ingen verknad om han vert liggande i ein skuff. Eg ønsker at planen skal skape engasjement, gode diskusjonar og motivere oss alle til samarbeid. Nytt derfor høvet til å kome med dine innspel, seier kulturleiar Julianne Hauge.
Hovudmålet med planen er å bidra til at innbyggarane er meir fysisk aktive ved å legge til rette for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv gjennom heile året.
Vi skal legge til rette for at alle som vil, skal kunne delta i idrett og fysisk aktivitet uavhengig av alder, økonomi, helse og sosiale forhold. Anlegg og aktivitetar må utformast og leggast til rette med sikte på det.
– Vi har mykje å vere stolte av i Herøy, men også utfordringar. Kva tiltak tenker du at det er viktig å satse på? spør Hauge.
Vi må samarbeide for å nå måla i planen. For det å vere aktiv heile livet styrkar både den fysiske og psykiske helsa.
Legg føringar for spelemidlar
Kommunedelplanen vil legge føringar for kven som vil kunne få spelemidlar framover.
Det er viktig at innspela kjem inn slik at vi kan lage liste over det som skal prioriterast framover.
For å få spelemideltilskot er det viktig å kjenne dei viktigaste punkta i regelverket:
- For å kunne søke om spelemidlar, må anlegget være omtala i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.
- Anlegget skal utformast slik at det tilfredsstiller dei storleikane og funksjonane som er nødvendige for å gjennomføre aktiviteten anlegget er meint for.
- Anlegget skal være universelt utforma.
- Søkaren må ha rett til å bruke grunnen der anlegget ligg/skal ligge.
Sjå planen og kom med innspel
Her lastar du ned planen (PDF, 29 MB).
Innspela til planen kan du kome med i eit eige skjema. Du kan også sende innspel på e-post eller i brev.
Merk innspela med årstal og mappenummeret 23/3167.
Innspel skal vere sende inn innan 17. desember 2023.
– Eg er veldig spent på innspela og ser fram til at planen skal skape eit godt grunnlag for vidare samarbeid med lag og organisasjonar, avsluttar Julianne Hauge.
Kva skjer vidare
Alle innspela vert lesne og endringar blir vurderte, fram til den ferdige planen skal vedtakast av kommunestyret i januar 2024.