Kom med kandidatar til kulturprisane!

Det er tid for å nominere til Kulturprisen og Ungdommens kulturpris. Send inn kandidatar seinast 1. mars.

scenelys og gullfarga glitter - Klikk for stort bilete Adobe Stock

I Herøy har vi mange eldsjeler som gir mykje av fritida si. Dei fortener å bli heidra! Til det har vi kvart år to prisar:

  • Kulturprisen går til person(ar), organisasjonar/lag eller institusjonar som har eller har hatt stor tyding for kulturlivet i Herøy (innsats på fritida).
  • Ungdommens kulturpris går til ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet – eller til personar, lag eller organisasjonar som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom i Herøy på fritida.

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler prisane. 

Slik nominerer du

Er du nysgjerrig på kven som har fått prisen før? Vil du sjå kva vinnarane får?

Kulturprisen: Sjå korleis du nominerer og les meir om prisen.

Ungdommens kulturpris: Sjå korleis du nominerer og les meir om prisen.

Har du nominert nokon eit anna år, utan at dei fekk pris? Då er det berre å nominere om att.

Merk deg at 1. mars 2024 er fristen for å nominere til begge prisane. (Fristen i år er sett seinare enn til vanleg.)

Vi gler oss til å få forslaget ditt!