Kom med kandidatar til Kulturprisen og Ungdommens kulturpris

Barnekoret Noah på scena - Klikk for stort bileteI 2022 var det barnekoret Noah som fekk Ungdommens kulturpris. Robert Skeide

No er det tid for å nominere kandidatar til dei to kulturprisane i Herøy kommune. Grip sjansen og nominer seinast 15. februar!

Vi har to kulturprisar: 

  • Kulturprisen blir tildelt person(ar), organisasjonar/lag, institusjonar som i si fritid har eller har hatt stor tyding for kulturlivet i Herøy.
  • Ungdommens kulturpris blir tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, lag eller organisasjonar som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom i Herøy på fritida. 

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane. 

Du kan nominere om att

Kven som får prisane er like spennande kvart år. Juryen har jamt over mange kandidatar å velje mellom, og har oftast ein vanskeleg jobb. Dei fleste innkomne forslaga er gode kandidatar og fortener ære for den innsatsen dei gjer innan kulturfeltet i dei ulike miljøa.

Signalet til dei som har sendt inn forslag tidlegare, er: Prøv igjen!

Enkelt å nominere

Les meir om prisane og sjå korleis du nominerer kandidatar

Fristen for å sende inn forslag til begge kulturprisane er 15. februar.