Kommunane får koronavaksine fordelt på personar i risikogruppe

Klikk for stort bilete Adobe Stock Kommunane får vaksineleveransar utifrå kor mange det er i risikogruppene i kommunane. Dermed får dei som er i same risikogruppe vaksine om lag på same tid i heile landet.

- Vi har fått ein vaksinestart som gjer oss trygge på at det arbeidet vi skal utføre går fint. Om nokre veker er det venta at leveransane vert trappa opp slik at vi får fleire vaksinedosar levert. Det er i tråd med at gruppene som skal ha vaksine vert fleire når alderen minkar og fleire risikogrupper skal med, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Det er nasjonale styresmakter som avgjer kven som skal få koronavaksinen først, og korkje kommuneoverlegen, fastlegane eller kommunen har mynde til å gjere andre vurderingar på prioriteringslista.

Kven får først?

Etter at bebuarane på omsorgssentra er vaksinerte, følgjer dei eldste innbyggjarane, så går vi nedover i aldersgruppene. Personar mellom 18 - 65 år som har alvorleg tilleggsrisiko (bestemte diagnosar og pågåande behandlingar) vert vaksinert samstundes med dei mellom 65 - 74 år.

Prioriteringslista er dynamisk og kan endre seg undervegs, blant anna på grunn av meir smitte i samfunnet då helsepersonell kan få ein høgare prioritet. Dette har no blitt gjort ved at utvalde grupper av helsepersonell får vaksine frå og med neste veke (veke 2).

Kommunane arbeidar seg nedover på denne prioriteringslista så lenge dei har dosar tilgjengelege, og dei har heller ikkje høve til å dele dosar med andre kommunar.

Klikk for stort bileteKommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen. Iselin Nevstad Øvrelid Val av vaksineringsmodell

I media har det blitt stilt spørsmål ved at nasjonale styresmakter held igjen vaksinar til dose nummer to, og at det hadde vore betre om alle vaksinane burde blitt gitt til ulike personar for å få vaksinert fleire i starten.

- Årsaka til at styresmaktene har gjort det på denne måten, er at vi skal vere mindre sårbare dersom det vert forseinkingar i levering av vaksinane til Noreg og vidare til kommunane. Dermed kan vi vere sikre på at alle som får første vaksinedosen, også får den andre til rett tid, seier kommuneoverlege Aasen.

Modellen som Folkehelseinstituttet følgjer er lagt opp etter ein desentralisert modell, som er tilpassa Noreg sin smittesituasjon og krevjande geografi. I Noreg er det nemleg slik at det er kommunane som har den forskriftsmessige plikta til å tilby innbyggjarane sine vaksinar som er tilrådd i nasjonalt vaksinasjonsprogram, og det er valt ei lik geografisk fordeling når det gjeld koronavaksinen. Det byr sjølvsagt også på utfordringar knytt til logistikken, særleg då Pfizer/BioNTech-vaksinen som ein no nyttar, må vere nedkjølt på om lag 70 grader før opptining og utkøyring.

- Dei ulike landa vel sine modellar for vaksinering, men vi har stor tillit til modellen helsestyresmaktene har bestemt å følgje, som er den same vi nyttar ved m.a. influensavaksinering.  Vi er sikre på at vi kjem til å kome i mål på om lag same tid som andre land. I Herøy har vi god kapasitet og vaksinerer fortløpande etter kvart som vaksinen kjem. Det er talet på vaksinar vi får til landet kvar veke som bestemmer framdrifta i vaksineringa, avsluttar kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Les også: