Kommunane på Søre Sunnmøre får felles språkprofil

 – Folk skal forstå oss når dei høyrer frå oss. Det gjeld både dei folkevalde og alle andre innbyggarar i kommunen – om det er politiske dokument eller brev dei les.

Faggruppa kommunikasjon for kommunane på Søre Sunnmøre går saman om felles språkprofil. Ørsta og Vanylven sine representantar kunne ikkje vere med på biletet, men her ser du frå venstre: Iselin Nevstad Øvrelid (kommunikasjonssjef i Herøy), Elin Rokstad (informasjonskonsulent i Sande), Johanne Krogstadmo (informasjonskonsulent i Hareid), Bente Engeseth (spesialkonsulent i Volda), Janne-Marit Myklebust (kommunikasjonsrådgivar i Ulstein). Kathrine Husø Johansen  

Det seier Iselin Nevstad Øvrelid på vegner av faggruppa kommunikasjon i dei sju kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda, Vanylven og Ørsta.

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, sjustjerna, har no gått saman om ein felles språkprofil. Det er faggruppa kommunikasjon som har utarbeidd språkprofilen.

– På Søre Sunnmøre har vi ein godt forankra språkleg identitet. Kvar einskild kommune har også eit språkleg ansvar. Vi skal skrive på ein måte som gjer at informasjon, saksdokument og vedtak er lett å forstå, korrekt og på nynorsk. Derfor er vi no glade for at vi kan presentere ein felles språkprofil, seier Nevstad Øvrelid.

Vert lagt fram som referatsak

No vert språkprofilen lagt fram som referatsak til dei folkevalde i kvar kommune på Søre Sunnmøre.

– Vi håper profilen vert teken godt imot. Han er meint som ein rettleiar og eit oppslagsverk for dei tilsette i kommunane, og gjerne andre også som ser at dei kan dra nytte av han. Det er no det verkelege arbeidet startar. Godt og klart språk lagar ikkje seg sjølv. Det er ei oppgåve for kvar enkelt, kommenterer Janne-Marit Myklebust, kommunikasjonsrådgivar i Ulstein kommune.

Målet med språkprofilen

Språkprofilen for sjustjerna skal

• minne alle på kven som er målgruppene til kommunane
• vise kva som er stilen og tonen
• heve og vedlikehalde kompetansen om klart og korrekt språk
• bidra til å betre skrivekultur og haldningar til språk
• vere ei praktisk hjelp i arbeidskvardagen for tilsette og leiarar

– Med den nye språklova har kommunane fått eit større ansvar i å synleggjere klarspråkarbeidet sitt. Det tek vi på alvor. Fleire av kommunane er allereie godt i gang med språkdrypp på intranett, klarspråkforum, planlegging av skrivekurs for tilsette og ikkje minst gjere språkprofilen kjend blant dei tilsette ute i kommunane, fortel Nevstad Øvrelid.

Språkprofilen kan du sjå her.  (PDF, 2 MB)

Utklipp av framside språkprofil.