Kommunebudsjettet for 2019 er klart 

Klikk for stort bileteKommunestyret har vedteke budsjett for Herøy kommune i 2019, og no kan du få lese det om du vil! Sjå vedlegg i saka. Illustrasjonfoto.

Kor mykje må Herøy kommune spare i år samanlikna med i fjor? Og kva har politikarane valt at vi skal investere i? Er du interessert i kommunebudsjettet, skal du veldig gjerne få lese det! Du finn det vedlagt i artikkelen. 

Vi er i full gang med året 2019, og i år, som i alle nye år, har Herøy kommune dermed eit nytt budsjett å halde seg til. Her er hovudtrekka:   

Må spare 14 millionar

For å få til samsvar mellom utgifter og inntekter, har kommunestyret bestemt at vi må spare nesten 14 millionar kroner i 2019. Det skal skje gjennom å redusere driftsutgiftene i kommunen. Samstundes har kommunestyret trua på at vi skal få inn om lag tre millionar kroner meir enn det vi fyrst trudde, gjennom det vi kallar «frie inntekter» (Skatt og ramme samla).

Investeringar i kommunen

Herøy kommune skal investere for om lag 83 millionar kroner i 2019. Dette er fordelt på mange prosjekt rundt om i kommunen, og du kan lese om alle i vedlegget. (PDF, 419 kB)

Her er dei største investeringane for 2019:   

•         Fosnavåg brannstasjon og driftsbase: 18 millionar kroner
•         Einedalen skule, hall: 8 millionar kroner
•         Stokksund skule: 6 millionar kroner
•         Bø/Arhaug: 6,5 millionar kroner
•         Byutvikling: 6,0 millionar kroner

For enkelte av prosjekta er det også løyvd pengar i 2018 som blir ført over til budsjettet i 2019. 

Vedlegg:

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad, tlf. 951 31 204 

Avdelingsleiar økonomi, Geir Egil Olsen, tlf 901 66 689