Kommunen spør reiarlaga om landstraum til skip

Mjølstadneset - Klikk for stort bileteKaier på Mjølstadneset Herøy kommune

Dersom skip som ligg til kai på Mjølstadneset får straum frå land, vil det få ned utsleppa av klimagassar i Herøy. Kommunen har fått 340 000 statlege kroner for å kartlegge om det er grunnlag for eit landstraumanlegg. 

I dag må skipa på hamna late motoren gå for å lage straumen dei treng om bord. Det gir utslepp av klimagassar som ein kan unngå ved å bruke straum frå land i staden. 

Kor mykje landstraum kan det vere behov for – og til kor mange skip? Det skal avklarast i eit førprosjekt som Herøy kommune har sett i gang. 

– Viktig med informasjon frå reiarlaga

I førprosjektet får reiarlaga som brukar hamna på Mjølstadneset tilsendt ulike spørsmål. Det er selskapet Norconsult som hentar inn informasjonen frå reiarlaga for kommunen.

– Svara frå reiarlaga blir svært viktige når kommunen skal arbeide med landstraumprosjektet, seier Ane Malene Søvik Nygård, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Herøy kommune. 

Kartlegg trafikkgrunnlaget

Føremålet med førprosjektet er å finne ut 

  • om det er hensiktsmessig å søke Enova om investeringsstøtte til det moglege landstraumanlegget 
  • kva trafikkgrunnlaget er 
  • kva kapasitet eit landstraumanlegg må ha 

Kommunen har fått midlar frå Enova til førprosjektet. Enova er eit statleg føretak som fremjar miljøvennleg energibruk og energiproduksjon.