Kommunestyremøte 15.09.21

Kommunestyret samla (før pandemi). Thomas Teige Sporsheim Onsdag 15. september er det klart for kommunestyremøte i Herøy kommune. 

Herøy LAN sender kommunestyremøtet på Facebook for oss frå møtestart (frå litt etter kl. 17.00). Vi oppmodar om å følgje direktesendinga der. 

Kommunestyremøtet vert ved Thon Hotell Fosnavåg, Redarrommet.

Dei som vil møte fysisk, må melde seg på e-post på førehand til politikk@heroy.kommune.no.

Det er avgrensa plassar for publikum på grunn av smittevern. Vi tilrår at du brukar munnbind.

Hugs elles smittevernreglane med avstand, spritvask av hendene og ikkje møt opp om du har symptom på luftvegsinfeksjon.

Saklista finn du her.