Konferansen «Droner i Norge» - Herøy kommune med innlegg

Klikk for stort bilete

Konferansen «Droner i Norge» gikk av stabelen i Bodø den 9-10 april. På konferansen presenterte Herøy kommune korleis vi nyttar drone i kvardagen.

Espen Bergø viste korleis utviklingsavdelinga i Herøy kommune nyttar drone for å spare penge  og tid. Avdelinga får gjort fleire oppgåver som ein elles ville ha satt ut til konsulentselskap. Utviklingsavdelinga  har også hjelpt Herøy brann og redning under skogbrannen på Remøya i fjor sommar og politiet i søk av sakna personar.

Klikk for stort bileteHerøy kommune heldt presentasjon i Stormen Konserthus i Bodø, og presenterte kommunen v/Espen Bergø viser bruk av drone i arbeidet sitt

Konferansen vart halde for å samle industrien og aktørar som nyttar drone. Geodataingeniør Espen Bergø seiar at konferansen har vore svært nyttig,  både fagleg  og for å knytte kontakt opp mot andre aktørar i bransjen.

«I løpet av konferansen har eg fått gode innspel på at det vi gjer i Herøy kommune er innovativt og at det ikkje er mange andre kommunar som har tatt i bruk drone på sama vis som oss. Dette synas eg er gode tilbakemeldingar og det gir meg inspirasjon til jobbe vidare med å utviklinge kommunen sin bruk av drone», seier Espen Bergø.

Klikk for stort bilete