Kontraktssignering for fleirbrukshall

Klikk for stort bilete Måndag 11. mars signerte ordføraren kontrakt med Prosjektbygg AS om bygging av fleirbrukshall ved Einedalen skule. Kontrakt  vart signert under kyndig påsyn frå elevrådet. Video frå signering av kontrakt kan du sjå nedanfor.

Vi håpar byggearbeidet kan starte før påske og vere ferdigstilt til påske neste år. Meir informasjon om dette og andre saker knytt til prosjektet vil etter kvart leggast ut på eigen artikkel på nettsida. Artikkelen vil verte oppdatert etter kvart som det er framdrift i prosjektet.