Korleis bruke munnbind rett?

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pexels.com Regjeringa, saman med FHI og Helsedirektoratet, tilrår no bruk av munnbind i enkelte situasjonar.

Avstand er det viktigaste smitteverntiltaket vi har. Forsking viser at det å halde minst éin meters avstand frå andre kan redusere risikoen for smitte med heile 80 prosent. Med rett bruk av medisinsk munnbind reduserer ein risikoen med 40 prosent. Om ein brukar munnbind rett kan det hjelpe oss med å beskytte kvarandre mot smitte i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand, som når ein reiser med kollektiv transport.

Munnbind kan vere eit tillegg til andre smittevernråd i enkelte situasjonar, men kan ikkje erstatte andre tiltak. Her kan du lese kvar og i kva situasjonar regjeringa meiner at ein bør bruke munnbind.

Kva munnbind finst det?

Det finst både medisinske (to typar) og ikkje-medisinske munnbind (tøymunnbind).

Medisinsk munnbind av type I er meint for bruk i det offentlege rom. Desse vert vanlegvis tilrådd  pasientar eller andre som kan vere smittsame, men er ikkje meint for helsepersonell.

Medisinsk munnbind av type II og IIR (væskeavvisande) omtaøast også som kirurgiske munnbind. Desse vert nytta av helsepersonell og bør berre nyttast av helsetenesta.

Ikkje-medisinske munnbind/tøymunnbind, er meint til bruk utanfor helsetenesta, for gjenbruk eller eingongsbruk. Sjå tilrådingar lenger nede i artikkelen.

Korleis bruke munnbind rett?

helsenorge.no finn du rette tilrådingar for bruk av både medisinsk munnbind og tøymunnbind - ikkje minst korleis ein tek det på rett utifrå kva slags munnbind du har tenkt å bruke. 

Vi minner om at det er viktig å ha god og korrekt hygiene når ein nyttar seg av munnbind. Vask deg på henda før og etter bruk. Skal du ete mat må du ta det av, vaske deg på henda, og deretter ta på eit nytt. 

FHI har utarbeidd ein enkel rettleiar i korleis ta munnbind på. Den ser du her.

Kven kan bruke munnbind?

I dei særskilde områda og situasjonane regjeringane tilrår bruk av munnbind, gjeld dette for alle frå ungdomsskulealder, som då kan bruke same storleik på munnbind som vaksne. Tilrådingane gjeld ikkje for barn.

Ein frårådar munnbind til barn under 2 år. Å dekke til små barn sine andlet er ein kjend risikofaktor for krybbedød.

Barn har vanskeleg for å bruke munnbind på ein rett måte, og hos små barn aukar risikoen for å hindre fri pust.

Nokre må av medisinkse årsaker unngå å bruke munnbind. Det er viktig å respektere at ikkje alle har munnbind på.

WHO har mange fine filmar om bruk av munnbind. Dei ser du her.

Kan eg bruke tøymunnbind?

Ja, det kan du. Tøymunnbind som kan brukast opp att er eit godt alternativ til medisinsk munnbind.

Tøymunnbind bør følgje denne standarden:

Materialet:

  • Materialet må tåle bruk og slitasje.
  • Bruk tett stoff. Sett samman i to eller tre lag (same stoff eller ulike stoff).
  • Bruk tekstil som du kan puste gjennom.
  • Bruk stoff som er tilstrekkjeleg mjuke og smidige slik at dei festar seg tett til andletet, som ei forsegling.
  • Bruk tekstil som ikkje er for varme.
  • Bruk glatte, ikkje-irriterande stoff.
  • Ikkje bruk lette og lause stoff.
  • Ikkje bruk materiale for støvsugarposer eller isolasjonsmateriale som brukast i bygningar, bleier osv.
  • Ikke bruk tekstil som kan skape allergi eller utslett.
  • Materialet må absorbere fukt for å hindre kondens.

Design:

  • Vask stoffet i minst 60 graders varme før du klipper i det.
  • Ikkje bruk stiftar når du designar eller monterer munnbindet.
  • Munnbindet må ikkje sys med vertikale saumar langs nase, munn eller hake.
  • Det er ikkje krav om eigen mekanisme for kopling til nasen.
  • Det er heller ikkje krav om at munnbindet skal festast bak øyra eller i nakken.

Bruk:

  • Munnbindet må kastast ved første teikn på skade.
  • Det må vaskast mellom kvar gong ein brukar tøymunnbindet.
  • Munnbindet må tåle reingjering i varmt vatn, minst 60 grader.
  • Ein tilrår ikkje at barn under tre år brukar slike munnbind.

Framleis noko du lurer på om bruken av munnbind? Då tilrår vi desse lenkjene: