Korleis kan Fagfornyinga endre klasseromet?

Klikk for stort bilete

 

Den nasjonale Fagfornyinga, med overordna føringar for grunnskulen, samt nye læreplanar, vert eit gjennomgåande tema når tilsette i sektor Oppvekst møtest til fagsamling 14.august.

Korleis kan Fagfornyinga endre klasserommet? Dei grunnleggande ferdigheitene er fortsatt gjeldande, men kva læremiddel og metodar vil bli nytta? Vert det lærebøker eller «device»? Korleis sikre at alle elevar opplever meistring og læring?
Dette er tema som Ingvill Skogestad frå Fjell kommune skal dele erfaringar og tankar om.

Inkludering er ei sterk overordna føring i Fagfornyinga. Inkludering ved at alle elevar skal kunne ta del i den ordinære undervisninga i klasserommet. Fokus på tilpassa opplæring vil stå sterkt, med målsetjing om at alle skal meistre og lære. Men korleis greie å tilrettelegge ei undervisning som skaper inkludering for alle? Korleis skal ein kunne tilpasse opplæringa slik at alle kan ta del?
Desse krevjande og utfordrande spørsmåla skal Lars Myhr snakke om. Han arbeider ved Senter for praksisretta utdanningsforsking, og har lang erfaring frå ulike nivå av utdanningsområdet.