Fysisk aktivitet er temaet for folkehelseprofilen 2021, og indikatorar og figurar tar utgangspunkt i dette temaet. Indikatorane som blir presenterte i profilen er valde med tanke på helsefremjande og førebyggande arbeid.
Her kan du sjå heile folkehelseprofilen for Herøy kommune. (PDF, 2 MB)
Nedst i folkehelseprofilen finn du det som heiter folkehelsebarometeret. I den oversikta blir nokre nøkkeltal for kommunen og fylket samanlikna med nasjonale tal. Tala gir oss ein indikasjon på kva felt som bør takast tak i for å fremje folkehelsa i kommunen vår.
Nokre trekk ved folkehelsa i Herøy kommune:
Befolkning
- I aldersgruppa 45 år og eldre er andelen som bur åleine lågare enn landsnivået.
Oppvekst og levekår
- Andelen som bur i hushald med vedvarande låg inntekt, er lågare enn landsnivået. Vedvarande låg hushaldsinntekt vil seie at den gjennomsnittlege inntekta i ein treårsperiode er under 60 prosent av median hushaldsinntekt i Noreg.
- Andelen som gjennomfører vidaregåande opplæring, er høgare enn landsnivået.
Miljø, skadar og ulykker
- Andelen ungdomsskuleelevar som oppgir at dei er med i ein fritidsorganisasjon, er ikkje signifikant ulikt frå landsnivået. Tala er henta frå Ungdata-undersøkinga.
- Andelen 17-åringar som oppgir at dei kan svømme 200 meter er ikkje signifikant ulikt frå landsnivået, vurdert etter resultata frå nettbasert sesjon 1 for gutar og jenter. Å kunne svømme kan medverke til å førebygge drukningsulykker.
Helserelatert atferd
- Andelen 17-åringar som oppgir at dei trenar sjeldnare enn éin gong i veka er ikkje signifikant forskjellig frå landsnivået, vurdert etter resultat frå nettbasert sesjon 1 for gutar og jenter.
Helsetilstand
- Forskjellen i forventa levealder mellom dei som har grunnskule og dei som i tillegg har vidaregåande eller høgare utdanning, er mindre enn landsnivået. Forskjellen i forventa levealder mellom utdanningsgruppene er ein indikator på sosiale helseforskjellar i kommunen.
Nasjonale trendar finn du her.
Har du lyst å sjå korleis det er i nabokommunane våre? Då kan du velje rapport for den kommunen du ønskjer i nedtrekksfanen her.