Det er ulike måtar å hjelpe på. Nokre vil gjerne hjelpe med praktiske ting, klede eller leiker, medan andre vil vere ei støtte i krisa. Alle måtar å hjelpe på er like viktige.
Fleirtalet av ukrainske flyktningar som kjem til Noreg er kvinner og barn. Mange har reist frå familien sin og familien som er igjen lever i ein usikker situasjon.
Det kan vere nyttig å vite litt om krisereaksjonar og korleis meistre dei. Både for dei som vil hjelpe og for flyktningane sjølve.
Kva er ein krisereaksjon?
Krisereaksjonar er normale reaksjonar på unormale hendingar. Desse reaksjonane oppstår for å beskytte oss mot den nye og brutale verkelegheita. Det er store skilnadar fra person til person i korleis vi reagerer på krise og flukt, og på kva tidspunkt ulike reaksjonar oppstår. For dei aller fleste menneske går krisereaksjonar over av seg sjølv etter ei stund.
Vanlege kroppslege reaksjonar kan vere:
- søvnvanskar
- konsentrasjonsvanskar/hukommelsessvikt
- å vere på vakt
- å kjenne seg skvetten
- hjartebank, hyperventilering
- sveitting, frostanfall, skjelving, kvalme og svimmelheit
- uro, å engste seg
Vanlege tankar og reaksjonar:
- sjokk, å kjenne at det er uverkeleg det som skjer, som å vere i eit mareritt
- vanskeleg å forstå og akseptere det som har skjedd
- fråvær av kjensler
- kjenne seg trist, kjenne på sakn, lengsel, smerte
- sinne, irritasjon, frustrasjon
- angst, frykt, redsle, maktesløyse
- tankekaos, grubling
- kjenne seg likgyldig og på meiningsløyse
- klandre seg sjølv og kjenne på skuldkjensle
Gjenopplevingar som ofte kan skje:
- ubehagelege tankar og bilete
- plagsame draumar
- å kjenne at hendinga skjer igjen
- intense kjensler når nokre minner om hendinga
- fysiske reaksjonar når nokon minner om hendinga
Du kan lese meir på psykososialberedskap.no.
Kva kan eg gjere?
Ver eit medmenneske og inkluder barn og unge i fritidsaktivitetar. Inkluder dei vaksne også.
Snakk med barn og vaksne. Det legg til rette både for integrering og å lære språk og kultur raskare.
Ver merksam på at tankane og reaksjonane for den som står i ein krisesituasjon vil variere frå dag til dag.
Inviter dei gjerne med på tur, arrangement eller andre aktivitetar. Det er nyttig for å handtere krisereaksjonar.
Psykososialt kristeam i kommunen gir råd om korleis hjelpe ved ei krise. Frå venstre: Rose-Marie Kvalsund, Bjørn Martin Aasen, Kari-Janne Ljones Kulø, Runa Bakke, Karl Alsaker og Gro-Anette Frøystad Voldsund. Siv Jensen og Ivar Ørstavik er også ein del av psykososialt kriseteam.
Iselin Nevstad Øvrelid