Koronasertifikat for ikkje digitale brukarar

Klikk for stort bileteEine sida av koronasertifikatet du kan få tilsendt eller finn på helsenorge.no 

Frå torsdag 24. juni kan du som ikkje kan bruke smarttelefon, PC eller nettbrett få tilsendt koronasertifikatet i posten.

Ønskjer du  koronasertifikatet tilsendt i posten må du ringe for å få det tilsendt.

På Folkehelseinstituttet sine nettsider står dette:

«Det er bare den som trenger sertifikatet som selv kan ringe.

1.       Ha klart fødselsnummer eller d-nummer

2.       Ring informasjonstelefonen for korona:

  • Åpningstid kl. 08.00 – 15.30, mandag til fredag.
  • Fra Norge: 815 55 015
  • Fra utlandet: +47 21 89 80 42»

Les heile saka om koronasertifikat for ikkje digitale brukarar her.

Personar som er digitale finn sitt koronasertifikat på helsenorge.no