Koronavaksinasjon i sommar også

Eldre kvinne som gir tommel opp etter vaksinasjon. - Klikk for stort bilete75 år og eldre kan no få koronavaksine oppfriskingsdose (dose 4). Frå 1. september er det alle frå 65 år som kan få. Adobe Stock Det vert koronavaksinasjon også i sommar. For alle frå 75 år og eldre er det no tid for å ta oppfriskingsdose (dose 4). 

- Vi har siste 2-3 vekene hatt ei sommarbølgje med korona. Dersom du er over 75 år så er det no tid for å ta ei oppfriskingsdose av vaksinen, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Vaksineringa finn stad tysdag 26.07.22 i kyrkjekjellaren, Herøy kyrkje.

Vi har både Moderna (Spikevax) og Pfizer (Cominaty) tilgjengeleg.

Tilbodet gjeld til:

  • Alle over 75 år (fyller 75 år i 2022). Det skal vere minst 4 månader sidan førre oppfriskingsdose, og dersom du har hatt korona den seinare tid, må det gå minst tre veker sidan du vart feberfri.
  • Også dei over 75 år som ikkje har fått oppfriskingsdose før, kan melde seg på.
  • Det same gjeld dei mellom 18 - 75 år som ikkje har tatt nokon dosar, eller berre ein eller to dosar til no. Denne aldersgruppa må ringe oss for timebestilling.

- Alle over 65 år får same tilbod frå 01.09.22, opplyser kommuneoverlegen.

- Vaksinasjon er framleis beste måten å hindre alvorleg sjukdom ved koronainfeksjon. Det har vi sett dei siste vekene, då det er fleire også eldre i kommunen som har fått infeksjonen utan å verte særleg sjuke fordi dei var vaksinerte, seier han.

Annonse kan du også sjå i Vestlandsnytt torsdag 21.07.22.

Ring tlf. 469 15 360 (mån-fre, kl. 10 - 14) for å få hjelp, eller bestill time på nettsida:

Timebestilling Modernavaksine

Timebestilling Pfizervaksine