«Krigsseileren» på kino - med lokal tilknyting!

Petter Ole Kopperstad Fredag kveld er det premiere på «Krigsseileren» ved Fosnavåg kino.

- Vi er så heldige å ha fått Per Sævik til å vere innleiar til premieren fredag. Han har vore bidragsytar med bakgrunnsinfo til produksjonsselskapet undervegs. Då med tematikk rundt familiesituasjonane, urett og fattigdom som kom i kjølvatnet av det å vere krigsseglar, seier arrangementsleiar Petter Ole Kopperstad.

Tidleg laurdag ettermiddag visast filmen med tanke på å legge til rette også for godt vaksne kinogjestar. Den kjem også som dagkino første tysdagen i oktober.

- Vi ønskjer å danne ei bra ramme for folk som lurer på om dei skal sjå denne filmen, og meiner at den har stor relevans for vårt distrikt sjølv om den er innspelt med handling i Bergensområdet – eller kanskje nettopp difor, fortel Kopperstad.

På framsyninga onsdag komande veke vert Johannes Bjarne Alme frå Brandal innleiar.

- Han er kjend for fleire herøyveringar, og vil dele litt av sin kunnskap mellom anna om Harald Landmark Marø, som var fødd på Brandal i 1917 og segla som styrmann på fleire båtar under 2. verdskrig. Etter tre år i japansk fangenskap vart han styrmann på "Polarstar" før han flytta til Canada. Der budde han inntil han nyleg døde - i sitt 105. år, seier arrangementsleiaren som håper at filmen kan lage grunnlag for samtalar og refleksjon.

- Vi nemner også at det skal vere eit arrangement i «redersalen» i regi av Herøy sogelag og Herøy kystlag i samarbeid med Rotary og forskningsdagane ved Høgskulen i Volda. Magnar Hjertenæs representerer sistnemnde og skal ha eit bileteforedrag som er kalla «Vest over hav 1940-45»: Historier om båtar og folk, fortalt gjennom bileta til fotograf Andreas A. Berge». Vi nemner også at båten «D/S Hestmanden» er brukt i filmen, og eit søk i krigsseilerregisteret.no viser i alle fall om lag 70 namn med tilknytning til Herøy, avsluttar ein engasjert Petter Ole Kopperstad.

Informasjon om filmen, tidspunkt og billettar finn du her: fosnavagkonserthus.no/kinoprogram.