Kulturprisen 2018 går til Sunnmørsjekta "Anna Olava"

Klikk for stort bileteFoto: Sunnmørsjekta Anna Olava

Kulturprisen 2018 gjekk til Sunnmørsjekta Anna Olava! Den er eigd av Herøy kommune, og vert brukt til kultur, oppleving og reiseliv på Herøy gard og elles i kommunen. Kulturprisen 2017 gjekk til Steinar Åheim, og Ungdommens kulturpris gjekk til Adrian Helde Remøy. 

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune som saman deler ut alle prisane. Juryen er: Arnulf Goksøyr, Herøy kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, representant for kulturlivet, Helena Aasen, Ungdomsrådet, Hilde Karin Torgersen, Nordea, Per Ronald Knutsen, Sperebanken Møre, Arve Moltubakk, eldrerådet, Edvin Pettersen, idrettsrådet (kunne ikke møte), Bjørn Holum (sekretær).

Utdeling av denne prisen, samt utdelinga av både Ungdommens kulturpris og Frivilligprisen 2017 vil skje på kommunen sitt arrangement «Til kulturens pris» tidleg i 2019. Dato er ikkje endeleg sett enno.

Kulturprisen 2017 til Steinar Åheim

Han har i mange år gjort ein stor innsats i styret for Herøy sogelag, med særleg ansvar for arbeidet med bygdesoga Heimar og Folk bind I der han skreiv den generelle teksta for krinsane. Dette inneber mykje innhenting av data for Runde, Remøy og Leinøy. 
I alle år har han samla bilete og tekst til Herøykalendaren, ein kalender som skuleelevar har selt og såleis skaffa pengar til både elevar og sogelag. 
Og ikkje minst har han stilt opp med trekkspelet sitt til underhaldning og allsong på talrike arrangement i mange, mange år.

Ungdommens kulturpris 2018 til Adrian Helde Remøy

Adrian har trass sin unge alder (19 år) allereide utmerka seg på mange arenaer. Han er ein gut med mange talent og juryen ønskjer å gi han merksemd for det han har gjort til no og for å stimulere til å utvikle talentet vidare.
Han har delteke mange år som prest i Herøyspelet, eit av åra også i rolla som Edmund Munk. Han gjorde også lukke som Trym i Kong-Arthurspelet på Sandsøya i 2017. Han har delteke i mange UKM, både lokalt og på fylkesmønstring. Mest av alt har vi opplevd han som som solist og musikar i mange ulike settingar, m.a. med Ulstein Storband, og ikkje minst som kjekkasen Danny Zuko i suksessen «Bryl og Vinyl» som gjekk for fulle hus på Fosnavåg konserthus i 2018. Her var han både dansar, skodespelar og songar. Han har også eit stort komisk talent som han har fått spele ut i Fosnavågrevyen. Det som likevel kjenneteiknar Adrian aller mest er hans positive og avslappa innstilling til alt han gjer. Han trivs godt på saman alle typer mennesker, både unge og gamle, og vi håpar han vil fortsette å bruke talentet sitt til glede for seg sjølv og andre.

Om Anna Olava

Sunnmørsjekta «Anna Olava» er ein rekonstruksjon av ei gamal jekt. Den er bygd av Sigurd Bjørkedal og Søner Båtbyggeri, på bakgrunn av funn gjort i eit naust på Håkonsholmen i Ulstein.  Sunnmørsjekta var ein av fleire jektetypar som trafikkerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900, og lasten var gjerne sild, tørrfisk, tran, rogn, skinn, gråverk og andre varer som vart frakta inn til byane, særleg Bergen. Dei bytta med korn, vasskringler, kavring, salt, vin, brennevin, humle, hamp, tekstilar og andre krambovarer som ein trengte på sunnmørsbygdene. Av og til gjekk turane enno lengre, og frå dei baltiske landa i aust til Storbritannia, Vesterhavsøyane og Island i vest, har jektene teke med varer og impulsar til vekst og velstand på Sunnmøre. Den 47 fot lange jekta har fått namnet sitt etter Anna Olava Berg som i 14 år var husfrue på Herøy gard. Ho var gift med Sivert Olsen, den første store handelsdrivande på Herøya. Dei budde på handelsstaden på andre halvdel av 1700-talet.

Grunna motorhavari og skader på skrog, samt manglande ressursar til igangsetting, vart «Anna Olava» lagt på land i oktober 2011. Ved hjelp av RDA-tilskot kunne ein starte arbeidet med å setje jekta i stand, og i perioden frå 2017 har ei tverrfagleg, frivillig arbeidsgruppe leia arbeidet med vedlikehald og rehabilitering av båten med god hjelp frå mange frivillige. I same perioden er deler av skroget utbetra av Ottar Bjørkedal. Etter nær seks år på land vart jekta sjøsett på nytt 30.august 2017.

Eigar av Sunnmørsjekta er Herøy kommune og formålet er å synleggjere den i forhold til kultur, oppleving og reiseliv på Herøy gard og elles i kommunen. Eigarstyret ved Herøy kystmuseum har det overordna ansvaret, og den frivillige arbeidsgruppa har det daglege ansvaret for vedlikehald og drift av jekta.

Til kulturens pris 2017 og 2018

I mars i 2018 vart Kulturprisen for 2016 delt ut saman med Ungdommens kulturpris og Frivilligprisen for 2017.  I jurymøte før jul vart det bestemt at ein i starten av 2019 skal dele ut Kulturprisen for både 2017 og 2018 saman med Ungdommens kulturpris 2018. Då er alle prisane samkjørt, slik at dei er på same år.  Frivilligprisen for 2018 vart delt ut før jul. Sjølve utdelinga av kulturprisane vil bli gjort på kommunens arrangement «Til kulturens pris» tidleg i 2019. Dato er ikkje endeleg sett enno.