Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Nerlandsøybrua

Klikk for stort bilete

 

Kommunestyret har i møte 09.05.2019 vedteke Detaljregulering for Fv 20 Nerlandsøybrua.

Kommunestyret har i møte 09.05.2019 vedteke ovannemnde Detaljregulering. Etter plan- og bygningsloven § 12-4 er planen gjeldande frå kommunestyret sitt vedtak. Vedtaket vert kunngjort i lokal avis den 04.06.2019 og kan påklagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå kunngjeringa.

Klaga sendast Herøy kommune, p.b 274, 6099 Fosnavåg eller postmottak@heroy.kommune.no

Kopi av vedtak, plankart og reguleringsføresegn ligg ved denne saka.