Kunngjering av tilskot til etablering 2019

Klikk for stort bilete

Husbanken har tildelt Herøy kommune tilskot for vidaretildeling for 2019.


Husbanken har bevilga kommunen:
- Tilskot til etablering kr. 600 000,-.


Formål med tilskot til etablering


Tilskot til etablering skal bidra til at vanskeligstilte på bustadmarknaden skal kunne etablere seg i eigen bustad. Tilskot til etablering kan også innvilgast til naudsynt utbetring av bustad for at bustaden framleis skal vere eigna for husstanden over tid.


Prioriterte målgrupper


Søknadar vert prioritert etter følgjande rekkefølge, jf. Husbankens retningsliner og rettleiing:
1. Familiar som leiger kommunal bustad, eller som har ein ustabil busituasjon i ueigna privat leigebustad, samt              familiar med barn med nedsett funksjonsevne og eit dokumentert behov for tilpassing av bustad.
2. Husstandar med dokumentert behov for tilpassing og svak økonomi
3. Husstandar med dokumentert behov for tilpassing og normal/god økonomi
4. Husstandar som ønskjer å tilrettelegge for framtidig behov


Søknadsfrist og tildeling


Husbanken deler i hovudsak ut tilskot til kommunane for vidaretildeling berre ein gong per år. 
Herøy kommune har difor beslutta at vidaretildeling av tilskot til etablering vil skje samla ein gong for året. 
Søknadsfrist for tilskot til etablering: 15.08.2019.

Søknad sendast inn via elektronisk søknadsskjema.