Kurs for digitale talent over 19 år

Klikk for stort bilete

 

NAV Møre og Romsdal har eit spanande kurs som vert kalla ‘Digitale talent’. Det er eit årskurs i spelutvikling for arbeidssøkjarar over 19 år med interesse for data.

Tekst: Thomas Teige Sporsheim

Målet

Målet er å nå ungdom, men òg foreldre som har unge heime som har stor interesse og kompetanse for data og spelutvikling. Det er ikkje krav til formell kompetanse.

Forkurs

Dersom ein får plass, må ein delta på eit forkurs i spelutvikling for å avklare egnaheit og motivasjon. Formålet med dette er å gje deltakaren ei grunnleggande innføring i dei ulike områda for speldesign og utvikling. Kurset skjer heime via eige pc-utstyr, web-plattform og dataprogram. Det vert gjennom forkurset avklart om deltakar kvalifiserar seg til å gå vidare på årskurset i spelutvikling. Det må være påmeldt minimum 30 deltakarar for at det skal verte oppstart. Dette varer i seks veker, med oppstart 22. juli 2019. Tidspunktet er måndag til fredag frå kl.12-18. Kurset takast frå eigen datamaskin.

Spelutviklingskurs

Spelutviklingskurset er eit universitetsstudie som takast over fleire semestre/praksis i bedrift. Formålet med kurset er å utvikle ferdigheiter innan programmering/koding, historieforteljing, design, lyd, bilete, 3D-modellering og prosjekt. Ein får utvikla kompetanse innan lagarbeid, prosjektleiing, kommunikasjon, eigen karriereplan og marknadsarbeid. I tillegg arbeidast det med å utvikle relasjonar til fagmiljø og bedrifter som kan bidra til å bygge eigen karriere.

Spelutviklingskurset byrjar måndag 9.september.

Klikk for stort bileteKrav til utstyr

For å delta på forkurset og spelutviklingskurset må ein ha eigen datamaskin der minimumskravet er 64 bits dual core-prosessor, 8GB RAM eller tilsvarende. Ellers er det IOS- eller Androidsmarttelefon, webkamera, mikrofon, hodetelefoner og breiband.

 

Ta kontakt

Unge kan ta kontakt med NAV Herøy eller ditt lokale kontor ved å kome innom i opningstida og melde di interesse ved å levere kontaktinformasjon, eller sende ei melding til sakshandsamar gjennom aktivitetsplanen på nav.no. Det vil då bli oppretta kontakt og avklart om kandidaten er aktuell for kurset.

Søknadsfrist er allereie onsdag 1.mai!

NAV Herøy har ope måndagar, onsdagar og fredagar mellom kl.10 – kl.12