Kva er viktig for deg?

Klikk for stort bilete

 

I dag, 6. juni, blir «Kva er viktig for deg-dagen» markert over heile landet, også internasjonalt.

I fjor var over 30 land over heile verda med på markeringa. Målet med dagen er å oppmuntre til gode samtalar i helse- og omsorgstenestene, om kva som er viktig for den einskilde. Kva gjer dagen god, for akkurat deg? Kva er viktig akkurat no, i ditt liv?

I dag vil helsearbeidarar over heile landet, også i Herøy kommune, bere fargerike buttons som ei påminning om å innleie til den gode samtalen. Herøy har laga ein eigen film om akkurat dette. Sjå den her: