Kva skjer med dåp, vigsel, gravferd i kyrkja no?

Klikk for stort bilete Per Eide Meir informasjon om det finn du her.

Kyrkjene i Herøy er med på den nasjonale dugnaden for å redusere smitte av koronaviruset, alle gudstenester og det meste av annan aktivitet er difor utsett eller avlyst i perioden fram til 26. mars.

I denne perioden vil det likevel vere både dåp, vigsel og gravferd i kyrkjene våre. For at vi, alle saman, skal vere med på dugnaden for å redusere smitten blir desse samlingane haldne med berre den næraste familien (eller maks. 15 stk) til stades.

- Vi vil prøve å vere kyrkje for folket også i denne perioden. Vi oppmodar om at de nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more. Kyrkjekontoret er å nå både på mail kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no og telefon 700 80 260. Det vil også vere folk på kontoret, men vi oppmodar om at De tek kontakt på mail eller telefon dersom det er mogleg. Nødvendige heimebesøk, samtaler og soknebod vil verte gjennomførte, men då i tråd med vanlege smittevernreglar. Vi kjem attende med meir informasjon etter kvart, fortel kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø.

Kyrkjekontoret har sendt ut sms/e-post til alle som har avtalt vigsel, dåp og gravferd fram t.o.m mai.

I tillegg har dei informert alle konfirmantar om situasjonen.